Honningtypar

Me har 6 typar økologisk honning:

sumar.jpg

Sumarhonning

Kvart år tar me ut sumarhonning før me flyttar biene ut til Sotra for lyngtrekk. Det er heilt avhengig av om kva ver me har hatt om det blir noko særleg av denne honningen. Honningen er mild og frisk, men smaken varierar etter korti det har vore bra ver. Det er nok eindel kløver og lønn, men og løvetann og bringebær. Sumarhonningen er finkrystallisert og kremaktig i konsistensen og svært populær og blir vanlegvis raskt utseldt. 250g og 500g glas.

 


 

lyng.jpg

Lynghonning

Lynghonnigen vår er viden kjent for sin aromatiske smak og kremaktige konsistens. Biene står ved vegen til Fjell festning.

Lynghonningen er stort sett lik frå år til år, men enkelte år kan den ha innslag av klokkelyng som gjev honningen ekstra mykje smak. 250g, 500g og 1kg glas.

 

 

 


 

flytanden.jpg

 

Flytande sumarhonning

Noko av sumarhonningen tappar me på glas rett etter finsiling. Dette gjev ein honning ein kan bruka i matlaging eller som saus på dessertar, på ost, på is osv. 250g og 500g glas.

 



reinrot.jpg

 

Honning med økologisk Reinrot

Denne honnigen har me blanda med økologisk Reinrot frå Bosheimsmarken i Valdres. Frå gammalt av er Reinrot brukt forebyggjande ved å styrkja kroppens immunforsvar. Planten har høgt innhald av antioksidanter og har oppkvikkande effekt.

Små glas ca 110g



sjoko.jpg

 

Honning med økologisk Valrhona sjokolade 70% cacao

Denne honningen har me blanda med hakka Valrhona sjokolade. God som snop, men prøv den gjerne på varme vaflar eller sveler.

Små glas ca 110g



walntt.jpg

 

Honning med økologiske walnøtter

Denne honningen har me blanda med hakka walnøtter. Dette er ein klassikar som tilbehør til brie eller camenbert, men kan og brukast til kjeks eller rett og slett som snop.

Små glas ca 110g